> site > Høydalsmo


- ei bygd med litt av det meste


Omtrent midt mellom Bergen og Oslo finn du Høydalsmo. Med hovudfartsåra i Vest-Telemark rett gjenom sentrum ligg Høydalsmo svært sentralt til, med kort veg til alle nabobygdene.

Høydalsmo har ikkje den høgste fjelltoppen eller den største turistattraksjonen i Vest-Telemark. Bygda vår har derimot litt av det meste! Flott turterreng, fantastiske innbyggarar, nærleik til meir tettbygde strøk (utan å ligge for nær), og me kan vel ikkje unngå å nemne det; skiløyper folk reiser langvegsfrå for å trene i. 

Bygdefolket (eller høysekkane som me og blir kalla) er stolte av Høydalsmo, og jobbar med å utvikle bygda vidare for nye generasjonar.

Me ynskjer deg velkomen til bygda - både som turist og som høysekk på fulltid!

Kva skjer?



This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.